ITA4328 – Eldre italiensk litteratur
Skildring av emne
Kort om emnet
Emnet omhandlar tekstar og litteraturhistorie på 1200-talet og 1300-talet. Studentane vil mellom anna få lese og få kunnskap om sentrale italienske tekstar frå mellomalderen og renessansen, med vekt på viktige forfattarar som Dante, Petrarca og Boccaccio.
Emnet finst òg i ein 10-studiepoengsversjon med kode ITA4318.
Kva lærer du?
Etter fullført emne vil studentane ha djupare innsikt i ei rekke sentrale verk og forfattarskap frå den italienske middelalderen, renessansen, barokken og opplysingstida. Gjennom lesing av originaltekstane vil studentane vidareutvikle praktiske ferdigheiter i å arbeide med eldre litteratur.
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre .
Emnet krev opptak til master i italiensk, eller eit anna relevant masterprogram.
Ved få påmeldte studentar kan emnet bli avlyst.
Tilrådde forkunnskapar
Gode italienskkunnskapar, trening i å lese og fortolke tekstar, noko kjennskap til grunnleggjande litteraturteoretiske problemstillingar.
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med ITA2318 – Eldre italiensk litteratur.
- 10 studiepoeng overlapp med ITA4318 – Eldre italiensk litteratur.
- 5 studiepoeng overlapp med ITA2303 – Italiensk renessanselitteratur (nedlagt).
- 5 studiepoeng overlapp med ITA2304 – Italiensk litteratur frå 1200- og 1300-tallet (nedlagt).
- 5 studiepoeng overlapp med ITA4303 – Italiensk renessanselitteratur (nedlagt).
- 5 studiepoeng overlapp med ITA4304 – Italiensk litteratur frå 1200- og 1300-tallet (nedlagt).
Undervisning
Undervisninga vert gitt som 20 timar forelesing (10 dobbelttimar) og 8 timar seminar (4 dobbelttimar) i løpet av semesteret. Emnet føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver. Undervisinga på emnet er felles med ITA2318 og ITA4318.
Det er krav om obligatoriske aktivitetar på emnet: Du må halde ein kort munnleg presentasjon på italiensk av ein tekst eller rundt ei problemstilling. I tillegg skal du levere ei skriftleg oppgåve på 3-4 sider (à 2300 teikn). Aktivitetane må godkjennast av læraren før eksamen.
• Det er krav om oppmøte til 60 % av seminarundervisinga. I dette emnet må du møte til 2 av 4 seminar. Kravet er absolutt.
Les her om reglar for gyldig forfall og korleis du søkjer om utsetjing. Informasjon om retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.
Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får difor ikkje gyldig forfall til undervisinga på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skuldast hindringar som du sjølv ikkje kan lastast for.
Dersom emnet har fysisk undervising og du er meld til ei fysisk seminargruppe, skal du møte til undervisinga i rommet som er oppgjeve i timeplanen.
Dersom emnet har digital undervising og du er meld til ei digital seminargruppe, skal du vere til stades med påslått skjerm.
I særlege høve, til dømes ved alvorleg eller langvarig sjukdom, kan du søkje om tilrettelegging.
Godkjend aktivitet er berre gjeldande noverande semester.
Eksamen
Obligatorisk aktivitet (sjå over) må være godkjend før eksamen.
Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på ca. 20 sider (à 2300 tegn). Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi.
Her finn du sensorrettleiinga for emnet.
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Italiensk.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Karakterer publiseres i Studentweb senest tre uker etter eksamens-/innleveringsdato.
Meir om eksamen ved UiO
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.