̽ѡ

ITA4303 – Italiensk renessanselitteratur

Kort om emnet

Eit tekstbasert kurs om det burleske renessanseeposet, den atterfødde komedien, den politiske tanken til Machiavelli og dialogen som pedagogisk og filosofisk form. Eit pensum på ca. 1000 s.

Kva lærer du?

Fyrstehandskjennskap til dei viktigaste litterære kjeldene i det "nye" menneske- og kultursynet som enno dominerer det europeiske (og frå nokon synstad òg det norske) mennesket. Fordjuping og kritisk lesing i utvalde problemstillingar og forfattarskap etter samråd med faglærar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre eller søkje om å .

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Opptak til masterstudium på Litteraturprogrammet og Estetikkprogrammet ved UiO, og minst eitt litterært emne på 4000-nivå.

Anbefalte forkunnskapar

Noko kjennskap til europeisk kultur og historie, solid kjennskap til italiensk språk (òg frå dei eldre periodane) og historisk innlevingsevne.

Undervisning

Emnet er eit leseemne, og studentane får rettleiing av faglærar. Ta kontakt med læraren heilt i byrjinga av semestret for å konferere om pensumlesing og mogleg tema for semesteroppgåva. Studentane blir oppmoda til å fylgje undervisninga på bacheloremnet ITA2303 – Italiensk renessanselitteratur (nedlagt) som òg dekkjer delar av pensum på ITA4303. Undervisninga på ITA2303 går i andre halvdelen av semesteret med to timar i veka i sju veker.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her:

Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.

Kvar student skriv i løpet av dette leseemne ei semesteroppgåve på italiensk innanfor tekstanalyse på ca. 8 s. (à 2300 teikn) pluss forside og bibliografi. Den vil bli gjeve bokstavkarakter.

For å kunne levere semesteroppgåva, skal studenten levere etter fastsatt frist ei oppgåve på italiensk på 2 s. (à 2300 teikn) av ein tekst eller rundt ei problemstilling, som må godkjennast av læraren.

Den korte oppgåva og semesteroppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi som er utforma etter gitte normer include:ref: Reference resolver with name '//www.hf.uio.no/sitat/' not found.

Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk”, skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.

Բå

Italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du  etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

ønadsskjema, krav og frist for .

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
å
Master
Undervisning
Eksamen
ԻԾԲå

Italiensk og norsk

Kontakt