ITA2304 – Italiensk litteratur frå 1200- og 1300-tallet
Kort om emnet
Ei tekstbasert innføring i religiøs og verdsleg dikting frå opphavet til den italienske litteraturen til kulminasjonen med dei tre store diktarane på 1300-talet: Dante, Boccaccio og Petrarca.
Kva lærer du?
Førstehandskjennskap til opphavet til den italienske litteraturen, til dei store verka og forståing av den åndelege og litterære brytinga mellom mellomalder og renessanse og mellom latin og italiensk.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre eller søkje om å .
Forkunnskapar
Obligatoriske forkunnskapar
ITA1101 – Italiensk språk eller tilsvarande.
Anbefalte forkunnskapar
Solid kjennskap til italiensk språk, òg frå dei eldre periodane.
Undervisning
Undervisninga vert gitt som 2 timar seminar i 7 veker i første halvdelen av semesteret. Kurset føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver. ITA2303 – Italiensk renessanselitteratur (nedlagt) vil bli halde i andre halvdelen av semesteret i samme rom.
Emnet har krav om obligatorisk aktivitet. For å kunne levere semesteroppgåva skal studenten skrive eit mindre essay av generell karakter på 1-2 s., som skal leverast innan ein avtalt frist og må godkjennast av læraren.
Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her:
Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.
Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet før han eller ho kan framstille seg til eksamen.
Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve i løpet av kurset på 4 s. (à 2300 teikn) pluss forside og bibliografi, i form av eit essay innanfor tekstanalyse.
Ei Obligatorisk melding som vedkjem fusk skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Du skal skrive semesteroppgåva på italiensk.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
³§Ã¸°ìnadsskjema, krav og frist for .
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.