NOR1107 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 1
Kort om emnet
Emnet er ei elementær innføring i den lokale og sosiale variasjonen i norsk, svensk og dansk talemål, med ein presentasjon av grunnleggjande fonologiske/grammatiske og sosiolingvistiske omgrep og dei viktigaste dialektskiljemerka. Emnet gir også ei grunnleggjande innføring i dialektologiske og sosiolingvistisk teori.
Det omfattar også eit oversyn over dei store dialektgruppene i Noreg, illustrert med dialektprøver, og tar opp fleirspråklegheit og utvikling og bruk av nye språkvarietetar som følgje av språk- og dialektkontakt i Skandinavia.
Variasjon i og utvikling av dei norske skriftspråka vert òg tatt opp. Pensum er å finne på emnesida for kvart semester.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- gjere greie for grunnleggjande dialektologiske og sosiolingvistiske omgrep (inkludert noko om teori og metode)
- gjere greie for likskapar og skilnader mellom austnorske, trønderske, vestnorske og nordnorske dialektar, og analysere dialektprøver
- seie noko om talemålsvarietetar i Sverige og Danmark
- seie noko om dei viktigaste utviklingstendensane i norsk talemål i dag, inkludert framveksten av nye talemålsvarietetar
- gjere greie for utviklinga av bokmål og nynorsk
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre eller søkje om å .
Overlappande emne
- 5 studiepoeng overlapp mot NOR1104 – Nordisk, særlig norsk, språk etter 1800 (nedlagt)
- 5 studiepoeng overlapp mot NOR1120 – Dialektologi og sosiolingvistikk 1 (nedlagt)
Undervisning
Til saman 28 timar førelesing og 14 gruppetimar.
Ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert gjeve.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen er ein 4 timars skuleeksamen i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.
Kjeldebruk og referansar
Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå .
Hjelpemiddel
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Du kan svare pÃ¥ eksamen pÃ¥ norsk, svensk, dansk eller engelsk. ³§Ã¸°ìnad om engelsk oppgÃ¥vetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
³§Ã¸°ìnadsskjema, krav og frist for .
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.