NOR1109 – Norsk språkhistorie, dialektlære og sosiolingvistikk i eit nordisk perspektiv
Skildring av emne
Kort om emnet
Emnet er ei elementær innføring i den lokale og sosiale variasjonen i norsk talemål, med eit sideblikk til dansk og svensk. Viktige dialektskiljemerke i Noreg og grunnleggjande sosiolingvistiske omgrep blir presenterte. Det omfattar også eit oversyn over dei store dialektgruppene i Noreg, illustrert med dialektprøver, og tar opp fleirspråklegheit og nye språkvarietetar i Skandinavia.
Emnet omfattar også språkhistorie (både «ytre» og «indre»), og det dekker både talespråk og skriftspråk. Variasjon i og utvikling av dei norske skriftspråka vert òg tatt opp, til liks med bakgrunnen for skriftspråkssituasjonen i Noreg.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- gjere greie for grunnleggjande omgrep i dialektlære, språkhistorie og sosiolingvistikk (inkludert noko om teori og metode)
- gjere greie for likskapar og skilnader mellom austnorske, trønderske, vestnorske og nordnorske dialektar, og analysere dialektprøver
- gjere greie for sentrale språkhistoriske endringar frå norrønt til norsk
- gjere greie for utviklinga av bokmål og nynorsk
- seie noko om dei viktigaste utviklingstendensane i norsk talemål i dag, inkludert framveksten av nye talemålsvarietetar
- seie noko om talemålsvarietetar i Sverige og Danmark
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester  i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre  eller søkje om å .
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd (men ikkje obligatorisk) er forkunnskapar i grammatikk og fonologi som svarer til NOR1100 - Norsk grammatikk
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR1107 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 1 (videreført).
Undervisning
Undervisninga går over heile semesteret med totalt 28 timar førelesingar og 12 timar gruppeundervisning.
Ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen er ein 4 timars skuleeksamen i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Du kan svare på eksamenen på norsk, svensk eller dansk
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Meir om eksamen ved UiO
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.