NOR1104 – Nordisk, særlig norsk, språk etter 1800
Skildring av emne
Kort om emnet
Skrift- og talespråk i Skandinavia, spesielt Noreg, etter 1800. Emnet fell i to hovuddelar: a) talemålsvariasjon; både geografisk og sosial og b) skriftspråksnormering.
Pensum finst på emnesida for kvart semester.
Kva lærer du?
Du får kunnskapar og øving innanfor dei nemnde disiplinane med sikte på arbeid som norsklærar, spesielt i vidaregåande skole, men også på ungdomstrinnet i grunnskolen.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre eller søkje om å .
Forkunnskapar
Obligatoriske forkunnskapar
Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.Undervisning
1 time førelesing og to timar gruppeundervisning i veka i 15 veker, inkludert leseveker. Ei gruppeoppgåve skal presenterast munnleg og godkjennast av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.
Eksamen
Eksamen er ein 4 timars skoleeksamen i slutten av semesteret som skal skrivast på nynorsk og vurderast med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.
Hjelpemiddel
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Anna
Obligatorisk erklæring som vedkjem fusk skal leverast saman med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og eksamensinnleveringar: