Dei generelle reglane er:
- 9 studiepoeng i faget frå høgare utdanning kan dekkje fag frå vidaregåande skule på Vg2-nivå (for eksempel Matematikk R1)
- 15 studiepoeng i faget frå høgare utdanning kan dekkje fag frå vidaregåande skule på Vg3-nivå (for eksempel Matematikk R1+R2)
For å dekkje ei i fordjuping i realfag frå vidaregåande skule (for eksempel Informasjonsteknologi 1+2) må du ha minst 15 studiepoeng høgare utdanning innan aktuelt realfag.
Emna frå høgare utdanning må også vurderast for om dei har tilsvarande nivå og innhald som realfaget som skal dekkjast. Vurderinga skjer når du søkjer om opptak.
Nokre emne på 10 studiepoeng kan aleine dekkje krav om Vg3-nivå i realfag.
Dekkje spesielle opptakskrav med emne frå UiO?
Kva for nokre emne du kan ta ved UiO, avheng av kva for realfag frå vidaregåande skule du har frå før. Manglar du kun Matematikk R2 for å dekkje spesielle opptakskrav til program innan matematikk, naturvitskap og teknologi ved UiO, er det mogeleg å dekkje Matematikk R2 med emne frå UiO.
Her er eksempel på kva for spesielle opptakskrav du kan dekkje med emne frå UiO:
Viss du har: | Kan du ta: | For å dekkje: |
---|---|---|
Matematikk R1/(S1+S2) | Emne i informatikk* | Informasjonsteknologi (1+2) |
Matematikk R1/(S1+S2) og ei fordjuping i realfag |
MAT1050** | Matematikk R2 |
Matematikk R1+R2 | Emne i informatikk, biovitskap, eller geologi og geografi* eller FYS1001 | Informasjonsteknologi (1+2), Biologi (1+2) eller Geofag (1+2) eller Fysikk (1+2) |
Matematikk R1+R2 og ei fordjuping i realfag | Emne innan andre realfag enn dei du allereie dekkjer* | Til dømes for å dekke spesielle opptakskrav du manglar til |
* Ta kontakt for å høyre om emna du ønskjer å ta dekkjer Informasjonsteknologi (1+2), Biologi (1+2), Geofag (1+2) eller andre fordjupingar i realfag.
** MAT1050 dekkjer åleine kravet om Matematikk R2. Emnet inngår i Matematikk (årsstudium) som har krav om Matematikk R1/(S1+S2) og ei fordjuping i realfag.
Du kan ta emna som enkeltemnestudent viss det er ledige plassar.
UiO-emne på 10 studiepoeng som aleine dekkjer krav om Vg3-nivå i realfag
Fagkrav | Emne som tilbys no | Nedlagte emne |
---|---|---|
Matematikk (R1+R2) |
MAT1050 MAT1100** |
MAT1000 MAT1001 |
Fysikk (1+2) | FYS1001 | FYS1000 |
Kjemi (1+2) |
KJM1002 tatt f.o.m. hausten 2022* KJM1101 tatt f.o.m. hausten 2022* |
KJM1001 KJM1100 |
*Bestod du KJM1101 eller KJM1002 våren 2022 eller tidlegare, vil dette diverre ikkje dekkje kravet aleine på grunn av annleis læreplan.
**Fram til hausten 2018 kunne ein ta MAT1100 utan å dekkje Matematikk R2. Det er altså kun dei som tok emnet før hausten 2018 som kan dekkje Matematikk (R1+R2) med MAT1100.
Registrering av spesielle opptakskrav for programstudenter ved UiO
Du er sjølv ansvarleg for å få registrert spesielle opptakskrav når du har bestått emne frå UiO som dekkjer fag frå vidaregåande skule.
Registrer at du dekker spesielle opptakskrav for å ta emner på bachelornivå
Dekkjer du kravet på fleire måtar?
³§Ã¸°ìjer du opptak til program via Samordna opptak, og dekkjer eit spesielt opptakskrav bÃ¥de med fag frÃ¥ vidaregÃ¥ande opplæring og pÃ¥ ein annan mÃ¥te, mÃ¥ vi ta med karakterane i faget frÃ¥ vidaregÃ¥ande i poengutrekninga.
Skal du til dømes dekkje krav om Fysikk (1+2), og har både Fysikk 1 og Fysikk 2 frå vidaregåande opplæring og FYS1001 frå UiO, må vi ta med karakterane i Fysikk 1 og Fysikk 2 (samordnaopptak.no).
Kontakt
Knutepunktet - sentralt infosenter for søkjarar og studentar