FRA1502 – Fransk kulturkunnskap 2
Kort om emnet
Frå 1600-talet og fram til Napoleon Bonapartes fall i 1815 var Frankrike supermakta i den vestlege verda. Etter 1815 gjekk landet inn i ei politisk, økonomisk og sosialt svært omskifteleg tid, der det mista sin posisjon som supermakt. Emnet gjev ei tematisk og kronologisk innføring i den spanande historia til denne supermakta frå og med det 17. hundreåret og fram til Belle Époque (om lag 1895).
Kva lærer du?
Du skal få ei djupare forståing av korleis det førrevolusjonære franske samfunnet (l’Ancien Régime) var oppbygd, av grunnane til den franske revolusjonen i 1789 og dei grunnleggjande endringane han førte til, og av den utviklinga Frankrike gjennomgjekk politisk, økonomisk og sosialt i det 19. århundret frå å vere supermakt til å bli ei stormakt mellom andre.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre eller søkje om å .
Forelesingar er opne for alle. Skal du følgje seminar- og gruppeundervisning, må du ha undervisningsopptak til emnet.
Forkunnskapar
Anbefalte forkunnskapar
To eller tre år med fransk frå vidaregåande skole eller tilsvarande. Emnet er meint som ei vidareføring av FRA1501 – Fransk historie fra Revolusjonen til i dag (nedlagt), men kan også takast som eit uavhengig emne.
Undervisning
Undervisninga vert gitt som 2 timar forelesing/seminar i 14 veker.
For å kunne gå opp til eksamen, må du levere førsteutkast av to oppgåver innan fastsatte fristar til faglærar . Faglærar vil så komme med kommentarar, så du kan jobbe vidare med oppgåvene. Dei ferdige oppgåvene utgjer eksamensmappa di (les meir under "vurdering og eksamen").
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen på emnet er ei mappe som omfattar to oppgåver og ei munnleg prøve. Oppgåvene skal vere på 2-3 sider à 2300 teikn, og skal godkjennast av faglærar. Før du leverer, er det viktig at du kjenner til og nyttar reglane for . Det å nytte seg av andres materiale utan å oppgje det som kjelde, blir rekna som fusk.
Det blir halde ein avsluttande munnleg eksamen på 25-30 minutt med to sensorar (eksaminasjon i heile pensum). Ved faststsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring. Du får ein samla karakter på grunnlag av mappa og den munnlege prøva.
Innlevering i Inspera
Du leverer ditt eksamenssvar i eksamenssystemet Inspera. Les om korleis du skal levere.
Kjeldebruk og referansar
Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå .
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Oppgåvene skal skrivast på fransk, og den munnlege prøven vert halde på fransk.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.
Dersom du etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.
Ved sjukdom på munnleg eksamen er det mogleg å søkje om utsatt eksamen. Ta då kontakt med .
Tilrettelagt eksamen
³§Ã¸°ìnadsskjema, krav og frist for .
Evaluering av emnet
Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.