̽»¨¾«Ñ¡

English version of this page

Fusk

Alle studentar må setje seg inn i reglane som gjeld for hjelpemiddel ved eksamen og for kjeldebruk og sitering. Brot på reglane kan føre til mistanke om fusk eller forsøk på fusk.

Kva kan reknast som fusk på eksamen?

Dersom du utfører handlingar som bryt med reglane om gjennomføring av den einskilde eksamen og med dei akademiske forventingane som blir stilt til kandidatane, kan du bli mistenkt for fusk eller forsøk på fusk. Handlinga skal vere eigna til å gi deg ein urettmessig fordel på eksamenen, men det er ikkje krav om at du har brukt fordelen.

Du kan bli mistenkt for fusk eller forsøk på fusk dersom du til dømes:

  • lèt vere Ã¥ gi opplysningar om kjelder eller gir opp fiktive kjelder
  • gir inntrykk av at eksamenssvaret er meir sjølvstendig enn den faktisk er
  • har tilgang til eller brukar hjelpemiddel som ikkje er tillatne
  • samarbeider med andre pÃ¥ mÃ¥tar som ikkje er tillatne
  • gjenbrukar eige tidlegare arbeid pÃ¥ mÃ¥tar som ikkje er tillatne
  • har urettmessig tilgang til eksamensmaterialet utanom eksamen

I vurderinga av om ei handling skal reknast som fusk eller forsøk på fusk, skal universitetet ta omsyn til studieerfaringa di, studienivået på eksamenen samt til den informasjonen og opplæringa om kjeldebruk og akademisk ærlegdom som du har hatt tilgang til.

Du finn informasjon om lovlege hjelpemiddel på eksamen i .

Plagiatkontroll av innleverte tekstar

NÃ¥r du skriv akademiske tekstar, skal du vise fram kva tanker og refleksjonar som er dine eigne og kva du har lÃ¥nt frÃ¥ andre sine arbeid. Dette gjer at lesaren kan slÃ¥ opp kjeldene du har brukt, kontrollere fakta og etterprøve resultata dine.

UiO brukar programmet Ouriginal for å avdekkje avskrift i innleverte tekstar. Ouriginal samanliknar innleverte tekstar med internett, tekstdatabasar og andre innleverte tekstar ved UiO og andre norske lærestadar.

Fusk ved obligatoriske aktivitetar

Obligatoriske aktivitetar er også omfatta av reglane om fusk eller forsøk på fusk. Kva som kan reknast som fusk på obligatoriske aktivitetar vil i stor grad samsvare med det som gjeld for eksamenar.

Konsekvensar av fusk

Ved fusk eller forsøk på fusk kan konsekvensane bli annullering av eksamen, utestenging frå UiO og tap av retten til å gå opp til eksamen ved andre universitet og høgskular i Noreg i inntil eitt år. Ved særleg grove tilfelle kan du bli utestengd og miste retten til å gå opp til eksamen ved andre universitet og høgskular i Norge i inntil to år.

Saksbehandling ved mistanke om fusk

UiO har rutinar for behandling av fuskesaker. Rutinane gir også informasjon om rettane til studentar som blir mistenkte for fusk eller forsøk på fusk.

UiOs nemnd for studentsaker gjer vedtak i saker om mistanke om fusk eller forsøk pÃ¥ fusk og avgjer kva sanksjonar som skal setjast i verk. Vedtaket i nemnda kan ankast til ei nasjonal klagenemnd.

³§±èø°ù²õ³¾Ã¥±ô?

Kontakt .

 

Publisert 10. des. 2010 10:15 - Sist endret 21. sep. 2024 12:31