̽»¨¾«Ñ¡

NOR4120 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet omhandlar språkleg variasjon langs ulike aksar, både geografisk, sosial og stilistisk. Medan dialektologien har hovudfokus på den geografiske dimensjonen, ser sosiolingvistikken på språkleg variasjon i høve til sosiale forhold, og har fokus på korleis språkleg stil er kopla til ulike identitetskategoriar.

Emnet tek føre seg teoriar og metodar innanfor sosiolingvistikk og dialektologi, inkludert eit faghistorisk oversyn over desse disiplinane, med særleg vekt på norsk faghistorie. Emnet omfattar framstillingar av sosiolingvistiske og dialektologiske tilhøve primært i Noreg og Norden, men også i andre delar av verda.

Pensumomfang: 800-1000 sider. Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for sosiolingvistisk og dialektologisk teori, metode og faghistorie
  • analysere lokal, sosial og stilistisk variasjon
  • gjere greie for korleis sprÃ¥kleg variasjon kan vere uttrykk for ulike identitetstilknytingar
  • seie noko om dei viktigaste utviklingstendensane i norsk talemÃ¥l i dag, og om forholdet mellom dialekt og standard
  • seie noko om framveksten av nye dialektar, sosiolektar og (multi)etnolektar

Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak til emnet

Studentar med studierett på program må kvart semester i Studentweb.

Studentar tatt opp til andre masterprogram, kan etter søknad få adgang til emnet dersom dette er klarert med eiga program.

Dersom du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje om opptak til våre .

NOR1109 – Norsk språkhistorie, dialektlære og sosiolingvistikk i eit nordisk perspektiv eller tilsvarande.

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga på i alt 28 timar vil veksle mellom forelesning og seminar.

Ei obligatorisk munnleg oppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk aktivitet, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ein 3-dagars heimeeksamen i slutten av semesteret.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 2. mai 2025 00:52:00

Fakta om emnet

±·¾±±¹Ã¥
Master
Studiepoeng
10
Undervisning

VÃ¥r 2025

Eksamen
VÃ¥r, Haust
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Norsk

Kontakt