NOR4112 – Syntaks og morfologi i nordiske språk
Skildring av emne
Kort om emnet
Emnet tek føre seg nyare syntaktisk og morfologisk teori brukt på moderne norsk språk, med noko kontrastiv jamføring med dei andre nordiske språka.
Kva lærer du?
Emnet gir innsikt i nyare grammatisk teori og øving i grammatisk analyse, og dermed ei djupare forståing av strukturen i norsk og dei andre nordiske språka.
Etter fullført emne skal studentane kunne
- gjere greie for nokre sentrale idear i nyare grammatisk teori, både syntaks og morfologi
- presentere sentrale grammatiske problem og vurdere ulike analyseframlegg
- gjere greie for kva slags kunnskap grammatisk kunnskap er
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Viss du ikkje allereie har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre .
Obligatoriske forkunnskapar
NOR1100 – Norsk grammatikk eller tilsvarande kunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Lingvistikkvarianten av examen facultatum er ein føremon.
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR2111 – Syntaks og morfologi i nordiske språk.
Undervisning
28 timar seminarundervisning. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen er ei prøveforelesning
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Du kan svara på norsk, svensk eller dansk
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Meir om eksamen ved UiO
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.