NOR1100 – Norsk grammatikk
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Emnet tek føre seg hovuddraga i norsk grammatikk: fonologi, morfologi og syntaks. På emnet vert norsk grammatikk i nokon mon jamført med andre nordiske språk.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- gjere greie for det norske lydsystemet og reglane for korleis lydar vert kombinerte i norsk
- gjere greie for korleis norske ord er bygde opp, og korleis dei blir bøygde
- gjere greie for korleis norske setningar og frasar er bygde opp, og kva som kjenneteiknar dei ulike setningsledda
- gjere greie for korleis den grammatiske formuleringa av ein samtaletur er motivert av plasseringa av turen i ein samtalesekvens
- gjere greie for viktige drag ved andre nordiske språk
Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre eller søkje om å .
Tilrådde forkunnskapar
Ein føresetnad for dette kurset er at du meistrar dei gjeldande skriftspråksnormalane i bokmål og nynorsk. Om du ikkje kjenner deg heilt trygg i nynorsk, vil vi rå deg til å arbeide med det.
Fine hjelpemiddel finn du til dømes på nettstaden til Språkrådet :
Undervisning
28 timar førelesingar og 28 timar gruppeundervisning.
Det er påkravd å møte opp til minimum 70% av gruppeundervisninga. Dette vil seie at du kan vere borte maksimalt totalt åtte timar (altså fire av fjorten gonger) frå gruppeundervisinga kvar semester. Denne tillate fråveresgrensa er absolutt, og dekkjer eventuell sjukdom. Du vil ikkje få godkjent meir fråvær ved framvising av legeerklæring.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen er ei mappe med skriftlege heimearbeid. Alle arbeida må leverast. Minst eitt av arbeida skal vere på på nynorsk, og minst eitt på bokmål; nærmare presisering av krav til målform finn du i eksamensoppgåva. Kravet om begge målformene er uavhengig av eventuelle tidlegare fritak.
Studentane vil få tilbod om tilbakemelding på delar av heimearbeida i mappa i løpet av semesteret. Heimearbeida kan omarbeidast fram til endeleg innlevering.
Mappa vert vurdert samla og får karakter ved enden av semesteret.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Meir om eksamen ved UiO
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.