Sensur
- Du får eksamensresultatet i seinast 15 arbeidsdagar etter eksamen, åtte veker for masteroppgåver. Examen philosophicum har eigen sensurfrist.
- Resultata kan du dele digitalt via eller du kan bestille digital karakterutskrift i Studentweb.
- Alle eksamenar har ei sensorrettleing som vert tilgjengeleg for kandidatane seinast når den ordinære sensuren er kunngjort.
- Du kan be om grunngjeving og klage på eksamenskarakteren.
Karakterskalaer
UiO brukar ein ugradert karakterskala med bestått eller ikkje bestått eller ein gradert karakterskala med bokstavkarakterar frå A til F. Fakultetet avgjer kva karakterskala som blir brukt i eit emne.
Bestått/ikkje bestått
Karakterskalaen med bestått og ikkje bestått er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk. Karakterskalaen er utan samanheng med bokstavkarakterane, og karakterane blir ikkje konvertert i samband med godkjenning.
Bokstavkarakterar
Bokstavkarakterskalaen er ein gradert skala, der A er beste karakter, E er lågaste beståtte karakter og F er stryk. Karaktersetjinga tek utgangspunkt i kvalitative skildringar for det enkelte karaktertrinnet i karakterskalaen.
Nedanfor ser du dei generelle, kvalitative skildringane av vurderingskriteria som blir lagde til grunn for sensurering med bokstavkarakterskalaen.
Fleire fagmiljø har fastsett meir detaljerte skildringar av karakterane.
A – Framifrå
Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
B – Mykje god
Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.
C – God
Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
D – Nokså god
Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
E – Tilstrekkeleg
Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.
F – Ikkje greidd
Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.
Tidlegare karaktersystem
UiO endra karaktersystem i 2003. Les meir om karaktersystemet før 2003.