I perioden 1997 til 2003 var karaktersystemet fastsett i forskrift om avleggelse og gjennomføring av eksamener og prøver ved Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡ av 11. februar 1997, med heimel i lov av 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler §§ 5 og 50.
Før 1997 var karaktersystemet fastsett i regelverket for kvart fakultet.
Gradert talkarakterskala
Den graderte talkarakterskalaen hadde karakterverdiar frå 1.0 til 6.0 med trinn på 0,1. 1.0 var beste karakter og 4.0 var dårlegaste ståkarakter. Karaktertrinna 4.1 - 6.0 vart brukte som hjelpestorleikar i sensurarbeidet og vart normalt ikkje oppgjevne.
Den graderte talkarakterskalaen kunne bli brukt utan tilleggsnemningar og med tilleggsnemningar på latin eller engelsk.
Tilleggsnemningar på latin:
- 1.0 - 1.5 Laudabilis prae ceteris
- 1.6 - 2.5 Laudabilis
- 2.6 - 3.2 Haud illaudabilis
- 3.3 - 4.0 Non contemnendus
- 4.1 - 6.0 Immaturus
Tilleggsnemningar på engelsk:
- 1.0 - 1.5 Excellent
- 1.6 - 2.5 Very Good
- 2.6 - 3.2 Good
- 3.3 - 4.0 Not recommendable but pass
- 4.1 - 6.0 Fail
Gradert bokstavkarakterskala
Den graderte bokstavkarakterskalaen hadde karakterverdiar A, B, C og D for bestått og "Fail" for ikke bestått. A var beste karakter og D var dårlegaste ståkarakter.
Ugraderte karakterskalaer
- Bestått / Ikke bestått
- Pass / Fail
- Godkjent / Ikke godkjent
- Bestått med laud / Bestått / Ikke bestått
Graderte karakterskalaer brukt ved Det juridiske fakultet
For eksamenar etter studieordninga av 1984 vart følgjande karakterskala nytta,:
- 2.00 - 2.15 Laudabilis
- 2.16 - 2.35 Står til laudabilis
- 2.36 - 2.55 Kan få laudabilis
- 2.56 - 2.75 Kan vel få laudabilis
- 2.76 - 2.95 Haud illaudabilis
- 2.96 - 3.15 Står til haud illaudabilis
Studenter som fekk dårlegare karakter enn står til haud illaudabilis, hadde ikkje bestått. For dei vart det ikkje sett nokon talverdi.
For eksamenar i profesjonsdelen vart følgjande karakterskala nytta:
- Laudabilis - tre ulike karakterer
- Haud illaudabilis - to ulike karakterer
- Ikke bestått
Det vart ikkje gjeve hovudkarakter.
Gradert karakterskala brukt ved Det medisinske og Det odontologiske fakultet
For kvar eksamen vart det gjeve ein karakter uttrykt i heile tal frå 12 til 6. Studentar som fekk dårlegare resultat enn 6, hadde ikkje bestått eksamen. For dei vart det ikkje sett nokon talverdi.
Avdelings- og hovudkarakter vart oppgjevne på følgjande måte:
- 11.00 - 12.00 Laudabilis cum litteris commendatitiis
- 9.00 - 10.99 Laudabilis
- 7.00 - 8.99 Haud illaudabilis
- 6.00 - 6.99 Non contemnendus