Dei viktigaste råda
- Ver forsiktig med å trykke på lenker i e-post – peikar lenka til rett stad?
- Bruk forskjellige passord på ulike nettstader og i sosiale medier.
- Skru på automatisk oppdatering av datamaskinen og ulike program som du nyttar.
- Ver bevisst på kor du kan lagre ulike dokument.
- Kjenn di maskin og ikkje installer fleire program enn nødvendig.
Sjå også denne korte videoen for ein kort innføring i informasjonstryggleik.
NÃ¥r du er heime
- Ikkje la andre bruke jobbmaskina din.
- Skru på automatiske oppdateringar.
- Ta sikkerheitskopi av bilete og anna som du ikkje vil miste.
- Kjenn maskina – vit kva du har installert.
- Bruk Kiosk eller View eller Remote Desktop, ikkje lagre lokalt.
- Ikkje putt inn USB-pinnar du ikkje kjenner opphavet til.
- Vær medviten når du lagrar i skyen og kor dokumenta blir synkronisert.
Når du er på reise
- Ver forsiktig med framande trådlause nettverk, bruk Kiosk eller View eller Remote Desktop.
- Krypter laptopar om de lagrer dokument på disken.
- Vurdér om du skal bruke eigen laptop til reisen.
- Krypter USB-diskar i tilfelle du mister dei eller nokon steler dei.
Les meir om IT-ressursar på reise her.
Når du er på jobb
- Kjenn IT-reglementet på UiO og kva som er lov og ikkje lov.
- Ver bevisst på om maskinen plutseleg opptrer annleis.
- Bruk UiO sitt heimeområde og fellesområder heller enn andre skytenester.
- Når du treng ei IT-teneste – velg den riktige. Sjå tenestekatalogen eller spør IT-avdelingen.
NÃ¥r du les e-post
- Ver skeptisk til å klikke på lenkjer i e-post – peiker dei rett stad?
- Sjekk svaradressa – går svaret ditt der du trur?
- Ikkje stol på avsendaren – e-post kan lett bli forfalska.
- Ha eit medvite forhold til kva slags dokument du sender ut av UiO.
- Ikkje send sensitivt innhald i e-post uten vidare.
- Send aldri brukarnamn og passord i e-post – UiO vil aldri spørje om dette.
Når du er på sosiale media
- Bruk ulike passord på ulike tenester.
- Beskytt e-postkontoen du brukar til sosiale medier, bruk to-faktor-autentisering der det er mogleg.
- Vit kva du deler offentleg og kva du deler med vener.
- Ver oppmerksam når vener plutseleg skriv rare ting eller deler rare lenkjer.
NÃ¥r du brukar mobilen
- Ikkje installer fleire appar enn du eigentleg treng.
- Unngå appar som ikkje kjem fra Google eller Apple sine app-butikkar.
- Ver ekstra varsam med lenkjer i e-post – det er vanskeleg å sjekke lenkjene.
- Bruk skjermlås.
- Pass på at telefon og appar er oppdatert.
- Ikkje lagre jobbdokument på telefonen – tøm nedlastingsmappa jamleg.
- Ta i bruk verktøy for fjernsletting – i tilfelle tyveri.