Registrer ekstern betaling
Fristen for å registrere ekstern betaling for vårsemesteret 2025 er no gått ut.
Fristar
- Haust: 1. september
- ³ÕÃ¥°ù: 1. februar
Om du betaler til SiO ved ein annan institusjon
Studentar som studerer ved UiO og har betalt til SiO ved ein annan institusjon må registrere seg som ekstern betaler. Fyll ut og send inn skjemaet innan fristen for at betalinga skal bli registrert ved UiO. Under 'Til kva studentsamskipnad har du betalt?' vel 'SiO - ikke UiO-avdeling'. UiO studentar som er registrert med betalt semesteravgift til SiO ved ein annan institusjon kan bruke velferdstilbodet til SiO på lik linje som studenter som har betalt til SiO ved UiO. Merk at man ikkje får gyldig semesterkvittering frå UiO i studentbevis-appen/semesterkvittering på papir.
Om du ikkje betaler til SiO
Studentar som ikkje betaler semesteravgifta til SiO får ikkje gyldig semesterkvittering frå UiO i studentbevis-appen/semesterkvittering på papir.
Kontakt for informasjon om kva velferdstilbud du har tilgjenge på.
Betale til fleire studiestader
Det er mogleg å betale semesteravgift til flere studiestader. Du kan bruke velferdstilbodet til SiO dersom du òg betaler semesteravgifta til UiO (eller er registrert ved UiO med betalt semesteravgift til SiO ved ein annan institusjon som kan dokumenteres). Betalingsinformasjon for semesteravgifta til UiO finn du i Studentweb.