FRA2305 – Idéologie et littérature française
Kort om emnet
Emnet gir ei innføring i forholdet mellom ideologi og litterær verksemd. Studentane lærer om forskjellige tilnærmingar til samfunn og litteratur, og vert medvitne kva rolle ideologi kan spele, både i utforminga og i forståinga av litterære tekstar. Tekstar frå ein eller fleire franske forfattarar vil bli vektlagt i undervisninga.
Våren 2018 vil emnet omhandle forholdet mellom ideologi og litterær omsetting.
Kva lærer du?
Når du har fullført dette emnet, kan du:
- forklare kva for ei rolle ideologi speler i utforminga og forståinga av litterære tekstar
- drøfte utvalde litterære verk knytte til ulike ideologiar
- tolke utvalde litterære tekstar frå ein ideologisk medviten ståstad
Forkunnskapar
Anbefalte forkunnskapar
Gode skriftlege og munnlege evner i fransk. Det er ein fordel å ha tatt emne i fransk språk, litteratur, kultur og samfunn, og litteratur- og omsettingsteori.
Undervisning
Undervisninga består av ein dobbelttime seminar i 10 veker. Det er obligatorisk å levere inn eit førsteutkast på semesteroppgåva, og det er venta at studentane deltek aktivt i undervisninga. Det er obligatorisk oppmøte til 7 av 10 seminar for å kunne gå opp til eksamen.
Les her om regler for gyldig forfall og hvordan du søker om gyldig fravær eller utsettelse.
Eksamen
Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på 7-9 sider (à 2300 teikn utan mellomrom). Tema for oppgåva vert bestemt av studenten i samråd med faglærar. Oppgåva må innehalde kjeldetilvisningar og bibliografi.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Tilrettelagt eksamen
³§Ã¸°ìnadsskjema, krav og frist for .