NOR2101 – Norsk språkhistorie
Skildring av emne
Kort om emnet
Emnet tek føre seg viktige endringar i det norske målet frå urnordisk tid og fram til dei norske målføra i dag, og gjer greie for korleis norsk skil seg frå andre nærskylde mål i Nord-Europa. Emnet går igjennom språkhistoriske tekster med døme på desse språkendringane, og det vert gjeve ei ålmenn oversyn over prinsipp og teoriar om språkendring.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne
- gjera greie for viktige endringar i det norske målet
- gjera greie for korleis språkendringar har gjort det norske målet ulikt andre nærskylde mål i Nord-Europa
- gjera greie for ålmenne prinsipp og teoriar om språkendring
kjenna att viktige språkendringar i historiske tekster
Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre eller søkje om å .
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR4103 – Norsk språkhistorie.
Undervisning
28 timar førelesingar og 14 timar seminarundervisning med tekstlesing. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen er ei heimeeksamen på tre dagar
- Ìý
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Eksamensoppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål) eller eit anna skandinavisk språk.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Meir om eksamen ved UiO
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.