LING1109 – Fleirspråklegheit
Kort om emnet
I dette emnet ser vi på fleirspråklegheit både hos det enkelte individet, og i ulike variantar av fleirspråklege samfunn. Vi ser på ulike typer fleirspråkleg tileigning og kognitive verknader av fleirspråklighet. Vi tek óg opp fenomen som oppstår eller er resultat av møte mellom menneske med ulike språk, slik som språkval og kodeveksling, og vi diskuterer kvardagen til individ i land med ulik språkhistorie og språkpolitikk, spesielt resultatet av språkpolitikken landa fører overfor minoritetsgrupper. Forholda i Norden blir framheva.
Kva lærer du?
Studentane får kunnskap om ulike fleirspråklege samfunn og korleis forholdet mellom individ og samfunn påverkar den enkelte. Dei skal få øving i argumentasjonsmåtar knytte til emna og i presentasjon av nokre emne skriftleg og munnleg.
Opptak til emnet
Studentar må kvart semester i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre eller søkje om å .
Minimum 5 studenter. Studenter som er tatt opp til et studieprogram der emnet inngår, blir prioriterte.
Tilrådde forkunnskapar
Det ein fordel om studentane er kjende med pensum i emne EXFAC03-SPR
Undervisning
Undervisninga går over heile semesteret med 28 undervisningstimar.
Det er éi obligatorisk kvalifiseringsoppgåve som skal leverast inn eller presenterast munnleg. Det vert informert om tid og stad for denne på semestersidene. Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva må vere godkjent av faglæraren før studentane kan ta den avsluttande eksamenen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Skriftleg skuleeksamen på 4 timar.
Hjelpemiddel til eksamen
Norsk - Engelsk, Engelsk - Norsk ordbok er tillatt.
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
Du kan svare pÃ¥ eksamen pÃ¥ norsk, svensk, dansk eller engelsk. ³§Ã¸°ìnad om engelsk oppgÃ¥vetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Meir om eksamen ved UiO
- Tilrettelegging på eksamen
- Trekk frå eksamen
- Sjuk på eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen på nytt
- Fusk/forsøk på fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.