Korleis trekkjer du deg?
Dersom du ønskjer å trekkje deg frå eksamen før fristen, gjer du det i Studentweb. Trykk på knappen 'Trekk frå eksamen' ved eksamensmeldinga, som du finn frå menyvalget Aktive emne i Studentweb.
NÃ¥r er fristen?
Avhengig av eksamenstype, er fristen for å trekkje seg frå eksamen to veker før:
- den aktuelle eksamensdatoen
- den første eksamensdagen ved fleire eksamensdagar
- fristen for innlevering av semesteroppgåve eller tilsvarande
- datoen for utlevering av heimeeksamensoppgåve eller tilsvarande
- fristen for innlevering av siste oppgåve ved mappelevering eller anna form for vurdering gjennom undervisningsperioden
Trekk etter fristen vil gjelde som eit eksamensforsøk. Det blir også rekna som eit forsøk dersom du ikkje møter til eksamen. Les meir om gyldig fråvær.
Klinisk ernæring, medisin og odontologi
For studieprogramma i klinisk ernæring, medisin og odontologi er det ingen frist for å trekkje seg frå eksamen. Manglande frammøte til eksamen utan gyldig forfall vert ikkje rekna som et eksamensforsøk og utløyser ikkje rett til utsett eller ny eksamen. Studentar som ikkje møter til eksamen vil rykke ned eit kull og bli underlagde prioritering for å få plass på kullet under.
·¡°ì²õ²¹³¾±ð²Ô²õ´Ú´Ç°ù²õø°ì
Les meir om eksamensforsøk på nettsida om å ta eksamen på nytt.
³§±èø°ù²õ³¾Ã¥±ô?
Kontakt .