Kan eg få ny eksamen?
Nokre emne tilbyr nytt eksamensforsøk i påfølgande semester for studentar som stryk eller som trekkjer seg under ordinær eksamen. På emnesida finn du informasjon om emnet ditt tilbyr ny eksamen. NB! Du har ikkje krav på ny eksamen om du ikkje møter til eksamen, eller om du lar vere å levere eit eksamenssvar uten å trekkje deg formelt.
Dersom du ikkje består den nye eksamenen, må du vente til neste ordinære eksamen i emnet for å ta den på nytt.
I enkelte tilfelle kan ny eksamen haldast i ei anna form enn det den ordinære eksamen har. Den kan til dømes haldast munnleg, sjølv om ordinær eksamen var skriftleg. Dei studentane dette gjeld vil få melding om dette på e-post ca. 1 veke før eksamen.
Korleis melder eg meg opp til ny eksamen?
Alle som er kvalifisert til å få ny eksamen vil få melding på e-post om dette før oppmeldingsperioden startar. Etter at du har fått e-post kan du melde deg opp til ny eksamen i Studentweb.
Sjå når og korleis du melde deg opp via Studentweb.
Tilrettelegging
Viss du har fått tilrettelegging ved ordinær eksamen, får du normalt same tilrettelegging ved ny eksamen. Dette gjeld berre dersom ny eksamen har same form som ordinær eksamen.