Dele resultat digitalt via Vitnemålsportalen
- Vitnemålsportalen er ei sikker offentleg teneste der du sjølv kan dele resultata dine på emne og gradar digitalt med kven du vil, og så ofte du vil. Du kan til ein viss grad velje å utelate nokre av emna du har tatt.
- Dersom arbeidsgivarar, studiestader i utlandet eller andre treng resultata dine frÃ¥ Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡ (UiO), kan du dele dei frÃ¥ VitnemÃ¥lsportalen.
- Er du framleis student, kan du logge på med brukarnamnet og passordet ditt ved UiO (Feide).
- Elles må du logge på med ID-porten (MinID, BankID osv.)
Bestille digital karakterutskrift i Studentweb
- Nyttar du nettlesaren Internet explorer? Den kan fungere dårleg for digitale karakterutskriftar - bruk ein annan nettlesar.
- Du kan bestille karakterutskrift med digital signatur i Studentweb: Gå til menyvalget Bestillinger og vel lamellen Digital karakterutskrift og trykk på knappen 'Bestill'.
- Du finn karakterutskrifta under Dokument i Studentweb etter omlag 10 minutt.
- Den digitale signaturen på ein digital karakterutskrift er like gyldig som stempel og underskrift på ein karakterutskrift på papir.
- Skal mottakar sjekke om den digitale signaturen gjeld og at ingen har endra på innhaldet, rår vi til å nytte Adobe Acrobat Reader. Da ligg eit "band" på blå bakgrunn med informasjon om signeringen øvst i skjermbildet. Det er berre mogleg å verifisere PDF-en i sin opprinnelige elektroniske form. Skriv du ut dokumentet, er det ikke lenger mogleg å verifisere signaturen. Du kan lese meir om verifisering av signaturen på .
- Karakterutskrifta er normalt gyldig i nokre år, eller så lenge sertifikatet er gyldig.
- Du kan fÃ¥ karakterutskrifta pÃ¥ ²ú´Ç°ì³¾Ã¥±ô, nynorsk eller engelsk.
- Karakterutskrifta viser alle emna du har bestått ved UiO, også emne med 0 studiepoeng.
- Du avgjer sjølv korleis du deler karakterutskrifta med andre, men merk at den inneheld fødselsnummeret ditt.
- Er du student, kan du logge på med brukarnamnet og passordet ditt ved UiO (Feide).
- Elles må du logge på med ID-porten (MinID, BankID osv.)
Hente karakterutskrift på infosenteret
Bestill karakterutskrift på papir via nettskjema: /
FÃ¥ karakterutskrift til tredjepart
Bestill karakterutskrift på papir via nettskjema: /
Har du ikkje norsk fødselsnummer?
Bestill karakterutskrift via nettskjema: /
Kva tyder karakterane?
³§±èø°ù²õ³¾Ã¥±ô?
Kontakt .