Generelt
For nordiskfaget er det gitt generelle kvalitative omtalar av verdien av bokstavkarakterskalaen samla for dei tre nivåa: basisnivå, fordjupingsnivå og masternivå. Masteroppgåva får ein eigen omtale. På alle nivåa i nordiskfaget er det tre hovudaspekt som skal målast ved eksamen
- kunnskapsinnhaldet
- evne til problemløysing og kritisk innsikt i fagstoffet
- ²õ±è°ùÃ¥°ì´Úø°ù¾±²Ô²µ
Til eksamen vil det generelt vere slik at alvorleg svikt på eitt av desse overgripande punkta vil føre til stryk, same kor godt dei andre aspekta er meistra.
Basisnivå, fordjupingsnivå og masternivå
Karakter og presisering av kriterium:
A – Framifrå
FramifrÃ¥ innsikt i det kunnskapsinnhaldet som er definert for fagnivÃ¥et. Tilsvarande evne til sjølvstendig, kritisk vurdering og problemløysing. FramifrÃ¥ formuleringsevne og svært sikker ²õ±è°ùÃ¥°ì´Úø°ù¾±²Ô²µ.
B – Mykje god
Svært god innsikt i kunnskapsinnhaldet som er definert for fagnivÃ¥et. Tilsvarande evne til sjølvstendig, kritisk vurdering og problemløysing. God formuleringsevne og sikker ²õ±è°ùÃ¥°ì´Úø°ù¾±²Ô²µ utan vesentlege feil.
C – God
God innsikt i kunnskapsinnhaldet som er definert for fagnivÃ¥et. Tilsvarande evne til vurdering og problemløysing. God formuleringsevne og sikker ²õ±è°ùÃ¥°ì´Úø°ù¾±²Ô²µ utan alvorlege systemfeil.
D – Nokså god
Akseptabel innsikt i kunnskapsinnhaldet som er definert for fagnivÃ¥et, men med vesentlege manglar. Tilsvarande evne til kritisk vurdering og problemløysing. Litt usikker formuleringsevne og ²õ±è°ùÃ¥°ì´Úø°ù¾±²Ô²µ.
E – Tilstrekkeleg
Eit visst kunnskapsnivå i høve til det som er definert for fagnivået. Lita evne til vurdering og problemløysing. Usikker formuleringsevne og fleire systemfeil.
F – Ikkje greidd
Tilfredsstiller ikkje minimumskrava til det kunnskapsnivÃ¥et som er definert for fagnivÃ¥et. Manglande evne til kritisk vurdering og problemløysing. Ikkje tilfredsstillande ²õ±è°ùÃ¥°ì´Úø°ù¾±²Ô²µ og mange alvorlege systemfeil. Ã… ikkje svare pÃ¥ ei obligatorisk oppgÃ¥ve til eksamen vil normalt gi karakteren F.
²Ñ²¹²õ³Ù±ð°ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð
Karakter og presisering av kriterium:
A – Framifrå
Oppgåva oppfyller svært høge krav til problemstilling og til vitskapleg handsaming av emnet. Ho viser eit svært høgt kunnskapsnivå, er prega av teoretisk innsikt og har eit svært sikkert metodisk grep. Oppgåva er prega av overtydande sjølvstendig argumentasjon og er klårt og systematisk strukturert. Ho plasserer seg klårt og framifrå i forskingstradisjonen og gir nye bidrag til forskinga. Språkføringa er svært sikker og formuleringsevna framifrå, og det formelle vitskaplege apparatet som disiplinen krev, er brukt på korrekt vis.
B – Mykje god
Oppgåva oppfyller høge krav til problemstilling og til vitskapleg handsaming av emnet. Ho viser eit høgt kunnskapsnivå, er prega av teoretisk innsikt og har eit sikkert metodisk grep. Oppgåva har ein klår og sjølvstendig argumentasjon og er systematisk strukturert. Ho plasserer seg sjølvstendig i forskingstradisjonen og gir nye bidrag til forskinga. Språkføringa er sikker og formuleringsevna god, og det formelle vitskaplege apparatet som disiplinen krev, er brukt tilnærma korrekt.
C – God
Oppgåva oppfyller grunnleggjande krav til problemstilling og vitskapleg handsaming av emnet. Oppgåva viser eit rimeleg høgt kunnskapsnivå, er prega av god teoretisk innsikt og har eit godt metodisk grep. Oppgåva har ein klår argumentasjon og er nokså systematisk strukturert. Ho plasserer seg nokolunde sjølvstendig i forhold til forskingstradisjonen. Språkføring og formuleringsevne er bra, og det formelle vitskaplege apparatet som disiplinen krev, er brukt nokolunde bra.
D – Nokså god
Oppgåva har vesentlege manglar med omsyn til problemstilling og vitskapleg handsaming av emnet. Ho viser eit visst kunnskapsnivå, det metodiske grepet er litt usikkert og forholdet til forskingstradisjonen lite sjølvstendig. Oppgåva har veikskapar både når det gjeld abstraksjonsnivå, argumentasjon og systematikk i oppbygginga. Språkføringa og formuleringsevna er litt usikker, og det formelle vitskaplege apparatet som disiplinen krev, er ikkje brukt fullt ut.
E – Tilstrekkeleg
Oppgåva har store manglar med omsyn til problemstilling og vitskapleg handsaming av emnet. Ho tilfredsstiller minimumskrav til bruk av kjelder og sekundærlitteratur, men er prega av eit lågt kunnskaps- og argumentasjonsnivå og av eit usjølvstendig forhold til forskingstradisjonen. Den teoretiske innsikta er mangelfull og det metodiske grepet usikkert. Evna til argumentasjon og til systematisk oppbygging er klårt mangelfull. Språkføringa og formuleringsevna er usikker, og oppgåva tilfredsstiller berre minimumskrav til det formelle vitskaplege apparatet som disiplinen krev.
F – Ikkje greidd
Oppgåva oppfyller ikkje dei minimumskrava som blir stilt til problemformulering, teoretisk refleksjon, metodisk grep, argumentasjon, struktur og språkleg framstillingsevne.