Om seminaret
I år er det 90 år sidan maktovergivinga til Adolf Hitler. 30. januar 1933 vart Adolf Hitler utnemnd til rikskanslar. Etter kort tid vart Tyskland pervertert til eit rasestyrt diktatur. Kvifor? Det var rikspresident Paul v. Hindenburg som utnemnde han, trass i at han sjølv sa hausten før at dette aldri ville skje. Likevel var det han som slapp Hitler til makta og retta dødsstøyten mot demokratiet. Kvifor vart han overtala? Var det det tilfeldige, eller var det dei tunge strukturane som økonomien, demografien, mobiliseringa ved vala, Tysklands stilling i internasjonal politikk, som avgjorde? Kva ville dei som overtala Hindenburg oppnå? Og kva kan desse historiske hendingane lære oss om situasjon i dag når demokratiet er under press? Partnerforums desemberfrukost freistar å teikne opp historiske linjer som har konsekvensar for vår eiga tid.
Program:
08:00 Registrering og enkel servering
08:30 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08:35 Foredrag ved Bernt Hagtvet
09:15 Kommentar ved Sten Inge Jørgensen, Morgenbladet
09:30 Spørsmål fra salen og diskusjon
10:00 Slutt
Om innlederne
Bernt Hagtvet er professor emeritus ved UiO med utdaning frÃ¥ UiO, UiB, Yale og Oxford, og Professor II ved ̽»¨¾«Ñ¡ Nye Høyskole (tidl. Bjørknes). Bernt er særleg interessert i totalitære regime, ideologiar og menneskerettsstudier, samt intellektuelle i politikken, og var gjesteforelesar ved Yale hausten 2016 og foreleste om europeisk fascisme. Han har utgitt ei rekke bøker om europeisk politikk og politisk ekstremisme, er spaltist i Aftenposten og Dag og Tid og har vore sakprosa-anmeldar i Dagbladet.
Sten Inge Jørgensen er forfattar og utanrikspolitisk journalist i Morgenbladet, og har mellom anna skrive bøkene «En europeisk tragedie» (Aschehoug 2022), «Tyskland stiger frem» (Aschehoug 2014) og «Vi som elsker Europa» (Kagge 2018). I 2015 vart han tildelt den norsk-tyske Willy Brandt-prisen.
Om Partnerforums tidlegare frukostar med Bernt
2022: Demokrati: Opphav, kriser og framtid
2021: Dei filosofiske røtene til dagens fascisme i Europa
2020: Tysklands moderne identitet og framtid
2019: Kva kan den spanske borgarkrigen lære oss i dag?
2018: Er ondskap ein sjukdom? Hannah Arendt, Eichmannssaka og "det ondes banalitet"
2017: Gjensyn med Storebror: Orwell
2016:
2015: ?
Om Partnerforum
er eit samarbeid mellom Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 22 partnarar som samarbeider om Ã¥ lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rommet. Partnerforum lagar Ã¥rleg ca. 12 fellesarrangement samt eitt seminar for kvar partnar. I fjor satte vi rekord, da 4000 deltok pÃ¥ vÃ¥re arrangement.
Partnerforum er oppteken av å styrka samarbeidet på tvers av sektorar og ynskjer fleire statlege partnarar. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål, ynsker eller innspel til samarbeid.
Kontakt
Ta gjerne kontakt med Partnerforums sekretariat dersom du har spørsmål, ønsker eller innspill til samarbeidet.