Program
08.00 | Registering og frukostservering |
08:30 | Velkommen ved Partnerforum sitt sekretariat |
Sverre Diesen, general og tidligare forsvarssjef | |
Europas nye utfordringar – migrasjonskrise, Brexit og re-nasjonalisering | |
, professor i statsvitenskap, UiO | |
Nye handelskonflikter mens EU sine fellesinstitusjonar er under press | |
Ola Storeng, økonomiredaktør, Aftenposten | |
Geopolitikk og endra vilkår for regional og statleg stabilitet | |
, professor i statsvitenskap, UiO | |
Diskusjon med innspel frå salen | |
Diskusjonsleiar: Ola Storeng | |
Slutt 10:30 |
Med atterhald om endringar i programmet
Program (pdf)
±ÊÃ¥³¾±ð±ô»å¾±²Ô²µ
Gratis inngang. Hugs å ta med ID-kort for passering av sperra til lokalet.
±ÊÃ¥³¾±ð±ô»å¾±²Ô²µ partnere
±ÊÃ¥³¾±ð±ô»å¾±²Ô²µ eksterne
Om bakgrunnen for seminaret
Partnerforum inviterer til strategiseminar i samarbeid med Institutt for statsvitenskap. Det er behov for å forstå politisk dynamikk og trender som pregar marknad og politikk. På få år er verda sterkt forandra fra ein antatt ‘win-win’ globalisering av marknadsøkonomi og demokrati til ein ustabil og risikofylt situasjon prega av rivalisering mellom stormakter, svekking av vestleg makt, krig og konflikt i Europa sine randområder, global terror og cyberangrep. Klimautfordringa er på veg opp på dagsordenen. Valet av Donald Trump som amerikansk president betyr større global usikkerheit både økonomisk og sikkerhetspolitisk. Samstundes er verdsøkonomien i sterk endring, og den globale orden som blei etablert i 1945, under press. Asia leda an av Kina og India er i ferd med å bli eit nytt globalt tyngdepunkt. Slike tyngdeforskyvningar har i tidligare historiske epoker ført til ein defensiv holdning frå tidligare dominerande makter, mens makter i fremgang gjør krav på sterkere innflytelse.
Til forskjell frå før er stater og selskaper i dag ekstremt sårbare overfor kvarandre fordi dei er så tett knytt saman. Difor er det viktig at ein forstår dei politiske dynamikkane og trender som vil prege både marknad og politikk framover. Næringslivet er sjølv ekspert på marknadsrisiko, men manglar ofte kompetanse på politisk risiko. Vår erfaring er at det er behov for ei heilhetleg analyse av politisk risiko fordi politiske konflikter stadig blir meir komplekse, både mellom og innan stater. Både statlege og ikkje-statlege aktørar tek i bruk nye makt- og påverkningsmidler som krev både politisk, økonomisk og militær innsikt å analysere og forstå.
Om innleiarane
Sverre Diesen er general og tidlegare forsvarssjef (2005-2009) og utdanna sivilingeniør fra NTNU. Han er no forskar ved Forsvarets Forskningsinstitutt og arbeider spesielt med spørsmål knytta til cyberkrigføring og langsiktige framtidsanalyser.
Janne Haaland Matlary er professor ved institutt for statsvitenskap ved Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡, med faglege interesser innan mellom anna sikkerheit- og forsvarspolitikk, EU og internasjonal politikk.
Ola Storeng har vore tilsett i Aftenposten frå 1999 og var økonomiredaktør i perioden 2001-2017. Tidlegare var han avdelingsdirektør og leiar for seksjonane for pengepolitikk og internasjonal økonomi i Finansdepartementet, og har arbeida i Verdsbanken i Washington, ved Norges Delegasjon til OECD i Paris og i Olje-og energidepartementet.
Øyvind Østerud er professor i statsvitenskap ved Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡, og har si doktorgrad fra The London School of Economics. Han leia Makt- og demokratiutredningen 1998-2003 og var preses i Det Norske Videnskaps-Akademi 2009-11.