• Kva er populisme?
• Korleis pregar populistiske strømningar det politiske livet i Europa og USA?
• Korleis kommuniserer dei politiske aktørane med veljarane?
• Kva for ein påverknadskraft hadde desse strømningane på valkampen og utfallet av årets stortingsval?
• Kva kan dette bety for det politiske livet i Norge?
Video
Program
08.00 | Registering og frukostservering |
08:30 | Velkommen ved Partnerforum sitt sekretariat |
08:30 | Fakta og fiksjon om populismen (PDF) |
Anders Ravik Jupskås, forskar, UiO | |
08:45 | Ã…rsaker - korleis kan populisme forklare Brexit og Trump? (PDF) |
Cathrine Moe Thorleifsson, forskar, UiO | |
09:05 | Sosiale medium - ein arena for populisme? (PDF) |
Gunn Enli, professor, UiO | |
09:25 | Stortingsvalet 2017: Ein siger for populismen? (PDF) |
Johannes Berg, forskar II, Institutt for samfunnsforskning | |
09:45 | Diskusjon - spørsmål og kommentarar |
Diskusjonsleiar: Anders Ravik Jupskås | |
Slutt 10:30 |
Med atterhald om endringar i programmet
Om presentasjonane
Anders Jupskås - fenomenet populisme:
Jupskås tek føre seg tre utbreidde mytar om høgrepopulismen: (1) at høgrepopulismen er ein diffus protest mot ‘systemet’, (2) at høgrepopulismen veks som ein følgje av aukande ulikskap og (3) at høgrepopulistiske parti ikkje klarer overgangen fra opposisjon til posisjon. Eksisterande forsking gir lite støtte til desse påstandane.
Cathrine Moe Thorleifsson
Thorleifsson bidreg med analyse av populismen bak Trump, Brexit og framveksten av høgreradikale parti i Europa. Basert på feltarbeid blant veljarar og politikarar fra parti som UKIP og ungarske Jobbik ser ho på lokale tilhøve i samspel med globaliserte idestrømningar kan forklare populismens appell.
Gunn Enli - sosiale media:
Enli diskuterar korleis sosiale media endrar politisk kommunikasjon. Gir det økt politikermakt sammenlikna med tradisjonelle media? Er tradisjonelle meda framleis relevante? Får vi ein ny type politikarar som styrer den redaksonelle dekinga av valkamp?
Johannes Bergh - analyse av stortingsvalet
Populistiske strømningar har vore på frammarsj og har prega politikk, valkamp og valresultatet dei siste åra. Bergh analyserer valresultata og ser på korleis den populistiske bølgja har gjort seg gjeldene i norsk debatt og for utfallet av årets stortingsval.
Om innleiarane
Anders Ravik Jupskås
Forskar ved (C-REX), tilknytta Institutt for statsvitenskap ved UiO.
Hans faglige interesser inkluderer høyreekstremisme, populisme, politiske partiar og nordisk politikk
Cathrine Moe Thorleifsson
Thorleifsson er forskar ved Sosialantropologisk institutt og C-REX Senter for ekstremismeforskning ved UiO. Hennar faglige interesser er nasjonalisme, populisme, migrasjon, grenser og identiet. Ho er tilknytta det ERC-finansierte forskningsprosjektet "Overheating: The Three Crises of Globalisation" leia av Thomas Hylland Eriksen og det NFR -finansierte prosjektet "European Strains " leia av Kalle Moene og Halvor Mehlum ved ESOP (Senter for studier av likhet, sosial organisering og ytelse).
Gunn Enli
Professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved UiO. Enli sit i fleire offentleg oppnevnte utval, er redaksjonsmedlem i tre internasjonale tidsskrift, og skriv kronikkar og kommentarar.
Johannes Bergh
Johannes Bergh er leiar av Stortingsvalgundersøkelsen ved Institutt for samfunnsforskning. Han var tidlegare prosjektleiar for lokaldemokratiundersøkinga ved same institutt. Bergh forskar på tema som politisk deltaking, stemmegiving, politisk mobilisering av ungdom, valordningar og ulike prosjekt knytta til demokratiske innovasjonar og reformer.