Universitets- og høgskolelova gir spesialreglar på enkelte område som også er behandla i forvaltningslova, for eksempel knytte til klage på eksamenskarakterar. I slike tilfelle er det spesialreglane i universitets- og høyskolelova som gjeld i staden for de generelle reglane i forvaltningslova.
Enkeltvedtak
Eit enkeltvedtak er eit vedtak som gjeld ein eller fleire bestemte personar. Slike vedtak blir fatta når du for eksempel søkjer om studieplass, innpassing, tilrettelegging eller permisjon. Når ei sak eller ein søknad blir avvist, blir det vanlegvis også regna som eit enkeltvedtak.
Forvaltningslova gir reglar om korleis vedtak skal utformast og grunngiast og om korleis vedtaket skal formidlas til den som har sendt inn søknaden.
Klage
Du har høve til å klage på enkeltvedtak fatta ved UiO. Klagefristen er tre veker, og klagen skal stillast til eininga som har fatta vedtaket (for eksempel instituttet eller fakultetet). Klagen skal opplyse om kva for vedtak du klager over, den endringa du ønskjer, og gjerne også dei grunnane du har for å klage.
Forvaltningslova skil mellom underinstansen og klageinstansen. Underinstansen er eininga som har fatta vedtaket. Ved UiO er det instituttet, fakultetet eller sentraladministrasjonen. Klageinstansen ved UiO er den sentrale klagenemnda, som behandlar alle klager over enkeltvedtak.
Ved klage skal underinstansen først vurdere saka på nytt. Dersom underinstansen vel å ta klagen til følgje, stoppar saka normalt med det. Dersom underinstansen ikkje tar klaga til følgje, blir saka sendt til klagenemnda for endeleg avgjerd. Vedtaket til klagenemnda i klagesaker kan ikkje påklagast vidare.
Regelverk
- (lovdata.no)
- (lovdata.no)