Samtykke og avmelding
Du får nyheitsbrev frå oss fordi du har samtykka i å få dette. Du kan når som helst trekkje tilbake samtykket ditt. Då slettar vi e-postadressa di.
Viss du ikkje vil halde fram med å ta i mot nyheitsbrevet vårt oppfordrar vi deg til å melde deg av med å sende ein e-post til e-postadressa du finn i nyheitsbrevet.
Personvernsider og personvernombod på UiO
Vi har eit personvernombod på UIO som du kan komme i kontakt med ved å sende epost til personvernombudet@uio.no.
Vi har også .
Personopplysningar som vert behandla i tenesta
Dine personopplysningar vert, i tillegg til av oss, behandla av Sympa. Dei leverer den tekniske løysinga for nyheitsbrevet vårt. Personopplysningar som vert behandla er e-postadressa di.
Dine personopplysningar vert lagra heilt til du trekker samtykket ditt.
Meir om Sympa
E-postlistesystemet som UiO bruker heiter Sympa (Systeme de Multi-Postage Automatique). Sympa er basert på open kjeldekode og fritt tilgjengeleg (under GNU GPL-lisens) og vert mellom anna støtta av CRU (Comité Réseaux des Universités / Universities Networking Committee).
Klage til Datatilsynet
Du kan fremme ei klage til Datatilsynet viss du meiner at personvernet ditt er krenkt.
Gjenbruk av informasjon
Vi skal ikkje gjenbruke e-postadressa di til andre e-postlister.
Om dette skulle verte aktuelt kjem vi til å ta kontakt for å be om nytt samtykke til å føre opp epostadressa di på ei anna liste.