̽»¨¾«Ñ¡

English version of this page

Val til Universitetsstyret 2025

I perioden 19.-23. mai skal tilsette og studentar velgje representantar til Universitetsstyret. Kven vil du skal vere med Ã¥ styre utviklinga til UiO framover?

Val til Universitetsstyret er di moglegheit til å påverke kven som skal sitje i det øvste organet til universitetet.

Universitetsstyret har mellom anna ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet, og at institusjonen vert driven effektivt og i tråd med lover og regler.

Kven skal veljast i 2025?

  • To representantar for fast tilsette i vitskaplege stillingar – veljast for fire Ã¥r
  • Ein representant for mellombels tilsette i vitskaplege stillingar – veljast for eitt Ã¥r
  • Ein representant for teknisk og administrativt tilsette – veljast for fire Ã¥r
  • To representantar for studentane – veljast for eitt Ã¥r

Det vert valt to vararepresentantar for kvar kategori. I tillegg vert fire eksterne representantar utpeika av Kunnskapsdepartementet.

Sjå samansetjing av styret

Fungeringsperiode

Fungeringsperioden for faste vitskaplege tilsette og for teknisk-administrative tilsette er fire år, og dei vert valde for perioden 1. august 2025 til og med 31. juli 2029. For gruppa mellombels vitskaplege tilsette er fungeringsperioden eitt år: 1. august 2025 til 31. juli 2026.

Foreslå kandidatar

  • Alle med røysterett kan foreslÃ¥ kandidatar i eigen røysterettsgruppe.

  • Dei som vert foreslÃ¥tt skal ha blitt spurde og sagt seg villige til Ã¥ stille til val.

  • Ein forslagsstillar skal fremje forslag pÃ¥ like mange kandidatar som skal veljast innanfor si røysterettsgruppe.

  • Ein kandidat kan sjølv vere ein av forslagsstillarane. Dette gÃ¥r fram av valreglementet § 10.

Fristen for å foreslå kandidatar til styreval har no gått ut.

Styreval - Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡.

¸éø²â²õ³Ù±ð°ù±ð³Ù³Ù

Fast vitskapleg tilsette, vitskapleg tilsette i tidsavgrensa stillingar og teknisk-administrative tilsette i 50 prosent stilling eller meir, samt professor II, kan stemme i sin eiga stemmerettsgruppe i styrevalet. Valet blir gjennomført elektronisk.

Studentane vel sine eigne kandidatar.

Les meir om val ved UiO

³§±èø°ù²õ³¾Ã¥±ô

³§±èø°ù²õ³¾Ã¥±ô om valet kan rettast til det sentrale valstyret eller valsekretariatet, e-post: valgsekretariatet@admin.uio.no

Publisert 26. feb. 2025 12:20 - Sist endret 24. apr. 2025 10:26