̽»¨¾«Ñ¡

PODKAST: Vil redde sivilisasjonen med leseskam, lesetvang – og leselyst

– Det går ikkje an å overdrive faren ved at litteraturen og lesinga blir dytta ut på sidelinja, seier Bjørn Vatne, leiar i Den norske Forfatterforeningen.

Mor og barn les saman i eit leiketelt. Foto

– I ein god lesekultur er lesing vevd inn samfunnet som det er, fortel leseforskar Tove Stjern Frønes ved Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡. Illustrasjonsfoto: Colourbox

– Eg vil seie det så sterkt at heile sivilisasjonen vår står på spel om vi ikkje held lesinga i hevd. Grunnen til at vi er der vi er i dag, er jo skriftkulturen vår – den tillærte evna vår til å lagre og dele informasjon ved hjelp av skrift, seier Bjørn Vatne.

I podkastepisoden møter han leseforskar Tove Stjern Frønes og leselystlobbyist Vibeke Røgler. Bakteppet for samtalen er nordmenns dalande interesse for og evne til lesing og kva som eventuelt kan gjerast med det.


Stjern Frønes forskar pÃ¥ lesekompetanse ved Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡ og arbeider med nasjonale og internasjonale leseevneundersøkingar. Ho er like uroa over rapportane om dÃ¥rleg uthaldenheit og konsentrasjon, altsÃ¥ sjølve grunnlaget for at vi blir gode lesarar, som over leseferdigheitene vÃ¥re.

–  Ein 15-Ã¥ring er og blir ein 15-Ã¥ring. Om vi forskarar spør om dei likar Ã¥ lese, sÃ¥ seier mange av dei nei. Det er berre der dei er i livet, sÃ¥ vi mÃ¥ finne fleire mÃ¥tar Ã¥ spørje pÃ¥, seier ho.

– Det som er nytt no, er at også 10-åringane seier «nei, eg les ikkje så ofte, det bryr eg meg ikkje så mykje om» og at også foreldra deira meir enn før svarar at dei ikkje les for ungane sine, fortel ho.

Korleis bygge sterk lesekultur?

Leselyst er ifølgje forskarar eit notorisk uklårt omgrep, og fleire av dei, Stjern Frønes inkludert, har stor tru på å bygge sterke lesekulturar.

– I ein god lesekultur er lesing vevd inn samfunnet som det er. Ta skulen, til dømes. PÃ¥ ein skule med sterk lesekultur kjenner alle elevar og tilsette, ogsÃ¥ vaktmeisteren og kantinepersonellet, pÃ¥ ei sterk forplikting til lesing. Det er noko alle gjer, heilt naturleg og med dei interessene dei har, forklarer ho. 

– Frå forskinga ser vi at skular som vektlegg like mykje tid på leseundervising som på å motivere til lesing, der opplever elevane at det er plass til dei som dei lesarane dei er, om det er gamle bilar, Star Wars eller Jane Austen dei er interesserte i, seier Stjern Frønes.

Skapte ringverknadar på heile skulen

Også Vibeke Røgler i Foreningen !les (snart Stiftinga Lese) og Bjørn Vatne i Den norske Forfatterforeningen har tru på å kombinere leselyststrategiar med meir inngripande tiltak.

Tove, Vibeke og Bjørn. Foto
Tove Stjern Frønes (t.v.), Vibeke Røgler og Bjørn Vatne. Foto: Sunniva Raknes / UiO

– For det er rett og slett trist, nÃ¥r ein arbeider med litteratur, lesing og formidling, at ikkje alle har tilgang til dei same opplevingane. Ein ynsker at alle skal fÃ¥ dei fantastisk gode opplevingane det er Ã¥ lese ei bok, forsvinne inn i ei anna verd, sjÃ¥ noko heilt nytt, fÃ¥ innsikt i andre menneske, tankar og indre følelsar, seier Røgler. 

Leselystforeininga ho leier brukar infrastrukturen som finst kring barn og ungdom til å forsterke lesearbeidet barnehagane, skulefritidsordningane, skulane og skulebiblioteka gjer. Dei når fleire hundre tusen ungar og ungdom kvart år gjennom både breiddetiltak og det dei kallar elitetiltak.

Eit døme på sistnemnde er dei tre litteraturprisane dei organiserer, ein for barneskulen, ein for ungdomskulen og ein for vidaregåande, der dei hyrer inn skuleklassar rundt om i landet til å vere juryar. Dette arbeidet har bygd lesekultur.

– Ein ynsker at alle skal få dei fantastisk gode opplevingane det er å lese ei bok, forsvinne inn i ei anna verd, sjå noko heilt nytt.

– Ved Steinkjer vidaregåande skule, som har ein juryklasse i Ungdommen kritikarpris, har arbeidet med prisen ført til at skulen no har sett av tid til lesing for alle elevar og lærarar uavhengig av kva fag dei underviser i. Alle ved skulen les i 15 minutt kvar einaste dag til same tid, fortel Røgler.

I episoden snakkar ho også om «Bokstart », eit tiltak retta mot dei aller yngste iblant oss, og foreldra deira.

– Det er berre å bestemme seg

Bjørn Vatne vil at endÃ¥ fleire enn skulefolk skal identifisere seg som lesarar, gjerne heile bygda eller bydelen, og er inspirert av arbeidet til i Storbritannia. 

– Britane er ute og arbeider med å få lesing inn i miljø og i småsamfunn der bøker knapt finst – på gata, i nærmiljøet – og det med ein horisont på ti år. Dei oppsøker folk og familiar der dei er og leverer ut bøker, og resultata er kjempegode, fortel han.

– Dette er ein tankegang vi ikkje ser i Norge i det heile tatt, heller ikkje i regjeringa sin leselyststrategi, seier Vatne.

– Vi må erkjenne at lesing har blitt ein motkultur, at vi ved å lese signaliserer at vi vil vere eit aktivt, tenkande menneske i verda.

Kva med digitale haldningskampanjar, kan dei ha noko føre seg?

– Det er kanskje kontraintuitivt Ã¥ bruke Instagram til Ã¥ minne folk pÃ¥ Ã¥ ikkje vere pÃ¥ Instagram, men i lesekampanjen Tid til ti, der 18 organisasjonar frÃ¥ litteraturfeltet no deltek, ser vi at sosiale medium fungerer. Vi minner rett og slett folk pÃ¥ at, ein eller annan stad i løpet av dagen, har alle tid til Ã¥ lese ti minutt i ei bok. Det er berre Ã¥ bestemme seg for det, seier han. 

Operasjon sjølvdisiplin saman med studentar

På Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, der Tove Stjern Frønes arbeider, har dei heller starta ein fysisk lesesirkel for studentar. Neste bok som skal lesast og diskuterast er Agnes Ravatns sjølvhjelpsbok Operasjon sjølvdisiplin, ei lektyre både distraherte professorar og studentar saktens kan trenge.

Mann som leser bok. Foto
MÃ¥ndag 17. mars skal studentar ved Det utdanningsvitskaplege fakultet diskutere Agnes Ravatns evig aktuelle Operasjon sjølvdisiplin, først i grupper,  frÃ¥ serien «Menn uten midje kan ogsÃ¥ lese». Illustrasjonsfoto: Monica Bjermeland /UiO

Boksamtalane i grupper er det masterstudentane på Lektorprogrammet som leier.

– Og sÃ¥ har vi fÃ¥tt med oss «Menn uten midje kan ogsÃ¥ lese», det vil seie Kristopher Schau og Alexander Sandtorv, til Ã¥ mellom seg og studentane vÃ¥re i puben Kjellern etterpÃ¥, fortel Stjern Frønes. 

Røgler og Vatne trur at i fellesskapet litteraturen skaper, også under slike «events », ligg eit av dei store potensiala til litteraturen framover.

– Vi må erkjenne at lesing har blitt ein motkultur, at vi ved å lese signaliserer at vi vil vere eit aktivt, tenkande menneske i verda. Ein klok mann samanlikna litteraturhusa med kyrkjene. Du kjem dit for å høyre nokon snakke om noko ordentleg saman med folk som er opptatt av same tematikkar som deg. Lesesirklar fungerer på same måte, i miniformat, meiner Vatne.

– For oss er « Lesespiralen» eit tiltak for å sørge for at lektorstudentane som går ut hos oss, også har med seg denne erfaringa og dette verktøyet når dei ein dag treff skuleverket, seier Stjern Frønes.

Bli lektor ved UiO!

Emneord: Podkast, lesing, leselyst, lesekultur Av Monica Bjermeland
Publisert 26. feb. 2025 10:40 - Sist endret 26. feb. 2025 10:40