̽»¨¾«Ñ¡

English version of this page

Kunnskap i bruk: 4,5 millionar i støtte til innovative UiO-forskarar

21 prosjekt får no innovasjonsmidlar frå rektoratet til å utvikle samfunnsnyttige løysingar. Vi gratulerer alle forskingsgruppene med tildelinga!

Oversikt over forskarar som får midlar

Arne Klungland, Atle Jensen, Biswajyoti Sahu, Crina Damşa, Hanne Scholz, Julien Mayor, Kristin Martinsen, Marianne Hiorth, Pål Trosvik, Trond Vidar Hansen, Ago Mrsa, Arkalekha Mandal, Bineeth Kuriakose, Eva Smorodina, Joachim Mossige, Kjetil Retterstøl, Léon Reubsaet, Ole Smørdal, Pia Sundqvist, Svend Davanger og Yücel Karabiyik.

Resultatet av utlysinga av midlane Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡ (UiO) har sett av til tidlegfasestøtte til innovasjonsprosjekt, er no klart.

10 prosjekt får inntil 400 000 kroner kvar til test- og vidareutviklingsfasen, mens 11 prosjekt får 50 000 kroner kvar til idé- og konseptfasen.

Den faglege breidda ved UiO kjem godt fram i både dei 29 søknadene som kom inn og dei 21 prosjekta som no får midlar. Forskarar frå fem fakultet – Det matematisk-naturvitskaplege, Det medisinske, Det utdanningsvitskaplege, Det samfunnsvitskaplege og Det humanistiske fakultet – kan glede seg over tildelingar.

Sjå oversikt over prosjekt som får tildeling nedst i artikkelen.

Høgare kvalitet på søknadene

Prosjektleiar for tildelinga, senior innovasjonsrådgivar i Veksthuset for verdiskaping, Ivar Bergland, fortel at kvaliteten på søknadene på tvers av fag var høgare i år enn tidlegare år.

Dette er viserektor for forsking og innovasjon Per Morten Sandset godt nøgd med.

Per Morten Sandset
Viserektor for forsking og innovasjon Per Morten Sandset

– Tidlegfase-innovasjonsmidlar er svært viktige for å realisere at forskingsresultat blir omsett til kunnskap som blir teken i bruk. Denne gangen er vi spesielt glade for at breidda i søknadane som inkluderer mange søknadar òg frå HumSam-miljøa våre, seier Sandset.

Alle søkarane får no tilbod om oppfølging frå Veksthuset for verdiskaping i form av rettleiing som kan hjelpe dei vidare med innovasjonsideen.

Prosjekta som er tildelt støtte i 2024

Sortert alfabetisk etter fornamnet til prosjektleiar.

Forkortingar
MED – Det medisinske fakultet
MN – Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
SV – Det samfunnsvitskaplege fakultet
UV – Det utdanningsvitskaplege fakultet
HF – Det humanistiske fakultet

Test- og vidareutviklingsfasen – 10 prosjekt på inntil 400 000 kroner per prosjekt

Prosjekttittel, prosjektleiar, fakultet, institutt/senter

  • Innovative Technology for Identification and Detection of Cancer Markers
    Arne Klungland, MED, Institutt for klinisk medisin, Senter for embryologi (CRESCO)
  • Testing of a wave energy converter (WEC) in the new 3D wave lab
    Atle Jensen, MN, Matematisk institutt
  • FFPE-insituATAC
    Biswajyoti Sahu, MED, Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM)
  • SIMTEAM: Data-informed Reflection Tool for Teamwork Simulation Training
    Crina DamÅŸa, UV, Institutt for pedagogikk
  • Stem cell-derived alpha cells
    Hanne Scholz, MED, Institutt for medisinske basalfag, SFF - Hybrid Technology Hub
  • TLex – Towards large-scale and unbiased online language screening
    Julien Mayor, SV, Psykologisk instiutt
  • Trygge Foreldre, Modige Barn
    Kristin Martinsen, SV, Psykologisk instiutt
  • Development of a new product to ease discomfort from superficial oral lesions
    Marianne Hiorth, MN, Farmasøytisk institutt
  • DNA diagnostic method for characterizing the human diet
    PÃ¥l Trosvik, MN, Institutt for biovitenskap
  • Resolving bacterial infections
    Trond Vidar Hansen, MN, Farmasøytisk institutt

Idé- og konseptfasen – 11 prosjekt à 50 000 kroner

Prosjekttittel, prosjektleiar, fakultet, institutt/senter

  • Smart Affinity Samplers with Cell Separation
    Ago Mrsa, MN, Farmasøytisk institutt
  • Design and thin film engineering of novel organic donor acceptor ambipolar semiconductor cocrystals towards synaptic field effect transistor fabrication
    Arkalekha Mandal, MN, Kjemisk institutt, Senter for materialvitenskap og nanoteknologi (SMN)
  • EduSynth: AI-based Synthetic Data Generator for Enhanced Education Analytics
    Bineeth Kuriakose, UV, Institutt for pedagogikk
  • Supercharging antibodies with catalytic activity
    Eva Smorodina, MED, Institutt for klinisk medisin
  • Flows of life: Flow based incubator for extended live cell imaging
    Joachim Mossige, HF, Senter for tverrfaglig forskning på rytme, tid og bevegelse (RITMO)
  • Dietary tutoring and exercise to battle metabolic risk factors for cardiovascular disease in Norwegian patients with severe mental illness
    Kjetil Retterstøl, MED, Institutt for medisinske basalfag
  • Smart Samplers for Quantitative protein determination
    Léon Reubsaet, MN, Farmasøytisk institutt
  • Providing Talkwall in a learning ecolog
    Ole Smørdal, UV, Institutt for pedagogikk
  • STAGE Young Learner Vocabulary Test (SYLT-VOC)
    Pia Sundqvist, UV, Institutt for lærerutdanning og skoleforskning
  • Brain Health Management (Hjernehelse mestring)
    Svend Davanger, MED, Institutt for medisinske basalfag
  • An advanced digital stethoscope with diagnostic assistance
    Yücel Karabiyik, MN, Institutt for informatikk

Slik fungerer ordninga med innovasjonsmidlane ved UiO

Universitetet i ̽»¨¾«Ñ¡ arbeider for at kunnskap skal bli teken i bruk, og ønsker Ã¥ gi tilsette moglegheit til Ã¥ bidra til verdiskaping og nye arbeidsplassar gjennom innovasjon og entreprenørskap. Derfor utlyser rektoratet kvart Ã¥r midlar til støtte i tidlege fasar av innovasjonsprosjekt. I 2024 var det sett av 5 millionar kroner.

Forskarar ved UiO som har identifisert eit behov i samfunnet dei ønsker å finne ei løysing på, eller har eit forskingsresultat med verdi for samfunnet, kunne søke om støtte til utvikling av idé og konsept. Dei som har kome litt lenger i prosessen, kunne søke om støtte til test- og vidareutvikling av innovasjonsprosjekta sine. Forskarar ved alle fakultet kunne søke om støtte, og det er eit mål at tildelinga skal spegle breidda av UiO sine fagområde.

³§Ã¸°ìnadene vart vurderte ut frÃ¥ dei tre evalueringskriteria: innovasjonsgrad, samfunnsnytte og gjennomførbarheit (berre for test- og vidareutviklingsfasen). Veksthuset for verdiskaping har hatt ansvar for søknadsprosessen og har involvert fleire frÃ¥ UiO sitt innovasjonsøkosystem i prosessen.

Av Norunn K. Torheim, Veksthuset for verdiskaping
Publisert 15. nov. 2024 10:53 - Sist endret 18. nov. 2024 08:40