I februar lyste Veksthuset for verdiskaping ut såkornmidlar for å støtte forskarar som vil utvikle eigne innovasjonsidear.
Veksthuset fekk inn 8 søknader til såkorn I der maksbeløpet er 50 000 kroner og 9 til såkorn II der maksbeløpet er 200 000 kroner. Av desse har 6 og 5 prosjekt fått tilslag på søknaden og får til saman 1,3 millionar kroner i såkornmidlar.
Prosjekta som har fått såkorn II skal utvikle betre metodar for å måle hjerneaktivitet, metodar for diagnostikk av hjartesjukdom, oppfølging av familiar med born med kronisk sjukdom, behandling av bakteriesjukdom og metodar som skal gjere det enklare for pasientar å ta prøver til diagnostikk heime.
Verktøy for å nå ut til nye forskingsmiljø

– Mesteparten av støtta går til forskarar ved eigarfakulteta våre – Det medisinske og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet – der vi jobbar aktivt for å styrke innovasjonskulturen, men gjennom middel vi har fått frå UiO og den tverrfaglege satsinga UiO:Livsvitenskap kan vi òg støtte forskarar ved andre fakultet med både såkornmiddel og rettleiing, seier leiar av Veksthuset Hilde Nebb.
Ho legg til at såkornmidlane på 50 000 kroner er eit verktøy for å nå ut til nye forskingsmiljø. Målet er at forskarar får drahjelp til å ta innovasjonsprosjekt eit steg, og vi ønskjer at det skal være ein lite byråkratisk prosess som gjer at det løner seg både å bruke tid på å søke og rapportere.
Alle søkarane får tilbod om oppfølging frå Veksthuset.
Jobbar for meir føreseielege søknadsprosessar for forskarane

Dette var tredje gongen Veksthuset lyste ut såkornmidlar. Veksthuset har òg administrert UiO sine innovasjonsmidlar dei siste par åra. Og vil lyse ut desse seinare i år.
– Vi ser òg vår utlysing i samanheng med andre utlysingar ved UiO Vi har laga ei nettside med oversikt over dei ulike utlysingane og jobbar òg med å laga oversikt over kriterium for utlysingane slik at forskarar lettare skal vurdere kva utlysingar som er relevante for dei, seier prosjektleiar for begge utlysingane, innovasjonsrådgjevar Ivar Bergland.
Prosjekt som har fått støtte
Forskarane kjem frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN), Det medisinske fakultet (MED), Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) og Det utdanningsvitskaplege fakultet (UV)
Såkorn II opptil 200 000
- FlexBrain
Charlotte Boccara, MED, Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) - PRIDE - Precision RNA-based Diagnostic of Heart Failure
Gustavo Jose Justo da Silva, MED, Institutt for medisinske basalfag - The “SIBS” Intervention for Siblings of Children with Chronic Disorders
Krister Fjermestad, SV, Psykologisk institutt - SmaSh-Flex: Smart Samplers for Flexible protein determination
Trine Grønhaug Halvorsen, MN, Farmasøytisk institutt - Immunoresolvents against bacterial infections
Trond Vidar Hansen, MN, Farmasøytisk institutt
Såkorn I opptil 50 000
- The TACT App: Can a trauma-specific digital intervention based on Acceptance and Commitment Therapy (ACT) improve trauma patients’ health-related quality of life
Anna Sophia Engel, SV, Psykologisk institutt - Wearable Electrophysiology Balance Monitoring in Parkinson’s Disease
Mathias Toft, MED, Institutt for klinisk medisin - Dynamic synthesis of multi-regime reactive transport in complex pore-fracture networks
Mohammad Nooraiepour, MN, Institutt for geofag - Advancing Instruction through Enhanced Learning Analytics with AI
Rogers Kaliisa, UV, Institutt for pedagogikk - Discovery and validation of novel protein biomarkers for enhanced prediction of cardiovascular disease
Torbjørn Omland, MED, Institutt for klinisk medisin - Using AI to help create mathematical questions in Norwegian elementary schools
Tuyen Truong, MN, Matematisk institutt
ønadane er vurderte av innovasjonsrådgjevarane i Veksthuset for verdiskaping saman med representantar frå inkubatorane Aleap, ShareLab og Startuplab i Forskingsparken i ̽ѡ samt UiO:Livsvitenskap sitt innovasjonsprogram SPARK Norway.