I februar lyste Veksthuset for verdiskaping ut 1,5 millionar kroner i såkornmidlar for å støtte forskarar som vil utvikle eigne innovasjonsidear. Veksthuset fekk inn 14 søknader til såkorn I der maksbeløpet er 50 000 kroner og 19 til såkorn II der maksbeløpet er 200 000 kroner.
Av desse har 10 og 6 prosjekt fÃ¥tt tilslag pÃ¥ søknaden og fÃ¥r til saman 1,5 millionar kroner i sÃ¥kornmidlar. ³§Ã¸°ìnadane er vurderte av innovasjonsrÃ¥dgivarane i Veksthuset saman med representantar frÃ¥ inkubatorane Aleap, ShareLab og Startuplab i Forskingsparken i ̽»¨¾«Ñ¡ samt UiO:Livsvitskap sitt innovasjonsprogram SPARK Norway.
Helse, undervisning, miljø, cybersikkerheit og musikk
Prosjekta som har fått støtte, dekkjer bredt. Dei fleste prosjekta er helserelaterte. Innan kreft er det prosjekt som skal utvikle betre antistoff til kreftbehandling; teste kreftbehandling på celler for å sjå kva pasientar som kan ha nytte av behandlinga; og utvikle meir målretta behandling. Innan hjartesjukdom er det prosjekt som skal bidra til førebygging av livstrugande arytmi; og utvikling av app for å overvake barn med medfødd hjartesjukdom.
Elles innan helse er det prosjekt som skal utvikle prebiotika frå norske medisinplantar; augedropar for behandling av antibiotikaresistente bakteriar; betre metodar for assistert befruktning; betre influensavaksinar; betre metodar for å kartlegge innhaldet i kosthald; og utstyr til undersøke metabolisme ved hjelp av organ-på-brikke-teknologi.
Innan undervisning skal eit prosjekt utvikle betre verktøy til å analyser framdrifta til elevar og eit anna skal sjå på bruk av kunstig intelligens for å gi meir tilpassa matematikkundervisning i grunnskulen.
I tillegg er det gitt støtte til prosjekt som skal utvikle betre og meir miljøvennleg produksjon av kunstgjødsel; betre metodar for å kryptere data; og automatisk transkripsjon av musikkopptak.
Alle som har søkt, blir følgt opp
Både dei som har fått tilslag og dei som har fått avslag på søknadene, får tilbod om vidare oppfølging frå innovasjonsrådgivarane i Veksthuset.
– For dei som har fått tilslag, ser vi på vegen vidare saman med forskarane, blant anna kva rettleiing dei treng frå oss i Veksthuset eller eksterne mentorar for at dei skal kunne vidareutvikle innovasjonsideen sin. For nokre handlar det om å gjere forsøk i laboratoriet for å få dataane dei treng for å vise at ideen er levedyktig. For andre handlar det om å kjøpe tenester i innovasjonsøkosystemet vårt, seier direktør for Veksthuset Hilde Nebb.
– Òg dei som har fått avslag, får tilbod om rettleiing om korleis dei kan jobbe vidare med prosjektet og skrive betre søknader. Det kan handle om korleis dei må forklare betre kva prosjektet går ut på og kvifor dei treng støtte frå oss eller korleis det set opp budsjett, seier innovasjonsrådgivar Ivar Bergland som har leia evalueringsprosessen.
Nebb understrekar at denne oppfølginga er svært viktig.
– Utover det å hjelpe enkeltprosjekt, er det å styrke innovasjonskulturen ved UiO den viktigaste oppgåva vår. Og når ei forskingsgruppa har tatt steget og kontakta oss med ønske om å drive med innovasjon, må vi sørge for at dei held på det sjølv om dei ikkje har fått såkornmidlar frå oss på denne utlysinga. Når dei har jobba med søknadane og diskutert med rådgivarane våre korleis dei kan gå vidare, kan dei velje å søke på den løpande utlysinga vår, så det er likevel mogleg for dei å jobbe vidare med innovasjonsideen sin med støtte frå oss.
Prosjekt som har fått støtte
Veksthuset for verdiskaping ei intern innovasjonseining ved UiO som hjelper forskarar og studentar med å modne idear i tidleg fase. Eininga er eit samarbeid mellom Det medisinske fakultet (MED) og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN). Veksthuset får òg støtte frå den tverrfaglege satsinga UiO:Livsvitskap og UiO sentralt til å dele ut såkornmidlar, derfor kan forskarar frå alle fakultet søke Veksthuset om støtte. Denne gongen har forskarar frå både Det humanistiske fakultet (HF) og Det utdanningsvitskaplege fakultet (UV) fått støtte i tillegg til MED og MN.
Prosjekt, søkar og ansvarleg fakultet og institutt/senter ved UiO
- Structural epitope mapping of antibodies
Ahmad Ali-Ahmad, MED, Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) - Personalized rapid ex vivo determination of immunotherapeutic cancer treatment (PREDICT)
Audun Kvalvaag, MED, Institutt for klinisk medisin - Prevention of a life-threatening arrhythmogenic disorder
Bernadin Ndongson Dongmo, MED, Institutt for klinisk medisin - Development of a potent, prebiotic compound from a Norwegian medicinal plant
Emilie Steinbakk Ulriksen, MED, Institutt for klinisk medisin - Eye drops for treatment of antibiotics-resistant ocular surface infections
Gerard Boix Lemonche, MED, Institutt for klinisk medisin - Heart Observation App for Infants with Congenital Heart Disease
Henrik Holmstrøm, MED, Institutt for klinisk medisin - Topositus
Nikolai Opdan, MN, Matematisk institutt - Allosteric targeting of Aurora B
Nikolina Sekulic, MED, Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) - musScribe: Automated transcription of music recordings
Olivier Lartillot, HF, RITMO Senter for tverrfaglig forskning på rytme, tid og bevegelse - Method for assessment of uterine cycle phase – bed-side test to determine fertile days and improve IVF outcome
Peter Fedorcsak, MED, Institutt for klinisk medisin - Devise for analytical Electromembrane Extraction from 3D cell culture, Organoids and organ-on-a-chip platforms
Steven Ray Wilson, MN, Kjemisk institutt - Novel Vaccines against influenza
Ranveig Braathen, MED, Institutt for klinisk medisin - Developing DNA diagnostic method for characterizing the human diet
Stefaniya Kamenova, MN, Institutt for biovitskap - Post-marking analyses using automated Guttman charts
Tony Tan, UV, CEMO – Senter for pedagogiske målinger - Fixation of N2 for fertilisers
Truls Norby, MN, Kjemisk institutt - Harnessing AI to assist human experts in creating mathematical questions in elementary schools
Tuyen Truong, MN, Matematisk institutt